Du har aldri klatra eit fjell som dette før

Finn ditt Hornelen Via Ferrata-eventyr og bestill no. Kun bookede turar, bestill avgangen din her.

Hornelen via ferrata: Ikkje sjå ned!

Vi er stengd for sesongen. Vi sjåast i 2025!

Er du klar for å ein friluftsopplevelse utan sidestykke? Hornelen Via Ferrata er ein fletta ny Via Ferrata opp Europas høgaste sjøklippe. Klatring med sjøen rett under deg er noko du og dine seint vil gløyme. Book ditt eventyr med oss her. Velkommen til Hornelen Via Ferrata!

Vi har turar med forskjellig lengde og vanskegrad, som alle er flotte opplevingar. Olavsrute går heile vegen til toppen av fjellet, mens Hekseveggen og Hekseveggen Light returnerer halvvegs. Vandring er en fottur med en smak av Via Ferrata. Hengekøye gjev deg ei spektakulær overnatting under fjellveggen.

All klatring på Hornelen Via Ferrata AS skal forhåndsbestilles. Booking for guida turar stenger 24 timer før avgang. Klatrar ein utan guide, må ein betale vedlikehaldsavgift. Stien er dårleg merka, og all ferdsel skjer på eige ansvar. Vi jobbar med å utbedre dette.

Har du ei gruppe på fem eller fleire? Ønskjer du guida fottur opp Hornelen eller andre typer eventyr? Ta kontakt!

Europas høgaste

Hornelen er den høgaste sjøklippa i Europa, og er verkeleg verdt eit besøk i seg sjølv. Fjord, fjell og Frøysjø kjempar om blikket ditt, og du kjem ikkje tettare på enn når du klatrar opp veggen sjølv!

Historisk klatrerute

Soga om Olav Trygvasson fortel at han klatra opp bratthenget på Hornelen, og mange meiner derfor at han her etablerte den første klatreruta i Noreg. No har du sjansen til å klatre i hans tak, dog under litt meir kontrollerte forhold.

Heil og halv

Hornelen Via Ferrata tilbyr fleire turar, med fleire avgangar dagleg. Hekseveggen tar deg opp halvveis, og Olavsruta går heile vegen til topps. Her er det noko for alle spreke og eventyrlystne! Alle som klatrar må booke plass, anten det er med eller utan guide.

Leitar du etter andre eventyr?

Opplev ein annleis fottur med Vandring, eller ei svevande overnatting under Hornelen i Hengekøye!

Den luftigaste opplevinga i Noreg

Kvifor Hornelen Via Ferrata

Den unike kombinasjonen av luftig klatring opp ikoniske Hornelen, med skipsleia under deg, er ei oppleving i særklasse. Våre guider sørger for ein trygg tur, slik at det einaste du treng å fokusere på, er adrenalinet og den fantastiske utsikta!

Sikkerheit er vår prioritet

Sikkerheit er vår absolutt høgste prioritet, og er primæroppgåva til alle våre guidar. Alle våre kundar skal kjenne seg trygge på tur, sjølv om ein kan bli litt svimmel av utsikta. Våre guider har breid sikkerheitstrening for å førebyggje uønska hendingar og løyse desse om dei skulle oppstå. 

No kan du gi ei uforgløymeleg oppleving i gåve!

Trykk her for å sende årets heftigaste gåvekort til ein friskus som fortener det.

Følg oss

Ta kontakt med oss på våre sosiale medier, og del eventyra dine med hashtaggen #hornelenviaferrata.

Kjenn adrenalinet!

Ikkje sitt på gjerdet. Bestill ditt kick hos Hornelen Via Ferrata no!

Skroll til toppen