Via Ferrata turen for alle
Ikkje sikker på kva slags tur du skal velge? Hekseveggen Light er turen for deg! La oss ta deg med på den perfekte nybegynner Via Ferrata turen for alle som vil ha den komplette opplevelsen, utan for mykje utfordring.
Turen startar med ein gåtur langs fjorden til starten av introveggen vår. Her tar du på deg klatreutstyret og for utfyllande instruksjon frå guiden. Denne ruta er ideell for å bli kjent med utstyret og Via Ferrata klatring.
Turen returnerer der den vertikale delen av Hekseveggen startar. Du klatrar då opp delane du klatra ned, ei heilt ny oppleving. Du går tilbake til basecamp same veg, mens du har ei mestringskjensle etter ein aktiv dag ute under mektige Hornelen.
Kor vanskeleg er denne turen?
Sjølve klatredelen er gradert til B på Via Ferrata skalaen, som er overkommeleg for aktive folk. Denne turen har ingen overhengande klatring, som gjer den ideell for friluftsfolk utan klatre-erfaring, men som vil ha ein litt lenger tur med Via Ferrata elementer, på berre 4 timar.
Vandredelen av denne turen går på en klassisk norsk sti, med ujamne steinparti, lause steinar, sporadiske våte eller gjørmete områder og bratt og ujamn sti ned igjen. Guiden din vil diskutere dine ferdigheiter og justere turen deretter.
Bli motivert
Utandørsaktivitet for alle
Denne guida turen er perfekt for sporty venner og familier som ser etter ein unik fjelltur, og som også vil klatre ein Via Ferrata som ikkje er for vanskelig, men fortsatt veldig moro.
Våre flinke guidar tar vare på tryggleiken din, slik at du kan nyte aktiviteten og utsikta.
Turen startar på Basecamp med rundt 60 minutt gange, før det blir 2 timar med klatring, før ein returnerer same veg.
Fortel meir!
Det kan vere smart å sjekke tryggleiksreglane, praktisk informasjon og å bli kjent med teamet. Om du har andre spørsmål, kontakt oss.
Ofte stilte spørsmål
Hekseveggen Light er ein lett og nybyrjarvenleg via ferrata-tur ved Hornelen, Europas høgaste sjøklippe. Turen varer om lag fire timar og kombinerer fjordutsikt, enkel klyving og ei trygg oppleving saman med guide.
Turen er gradert B (lett) og passar for personar utan tidlegare klatreerfaring. Ruta går i variert terreng med litt stigning, men utan overheng eller krevjande vertikale parti.
Ja, så lenge barna er minst 12 år og oppfyller vektkrava, er Hekseveggen Light Via Ferrata ein flott familieaktivitet.
Nei. Hekseveggen Light er ein lett via ferrata-tur som passar for alle som er vane med litt utandørs aktivitet og som vil prøve via ferrata i trygge rammer – midt ved fjorden og «off the beaten track».
- Guide frå Hornelen Via Ferrata
- Sikkerheitsopplæring
- Bruk av via ferrata-utstyr (via ferrata-sett, sele og hjelm)
- Mat og drikke
- Eigna og godt tilpassa uteklede
- Gode tursko du òg kan gå i terreng med
- Tettsitjande hanskar (kan hanskar kan kjøpast i butikken vår før turen startar)
