Hekseveggen – mektig, morro og moderat
Hornelen Via Ferrata ønsker deg velkommen til Hekseveggen, ein guida tur på nedre halvdel av mektige Hornelen. Først går ein introveggen, der ein får kjent på korleis utstyret funkar, testa tak og utfordra tyngdekrafta.
Vidare klatrer vi mektige og bratte Hekseveggen opp til Smalsarhuken, der ein et lunsj og nyt utsikta i godt selskap. Her tørkar ein sveitten samt kjenner på mestringsfølelsen! Turen endar ikkje opp på toppen av Hornelen, og det er ikkje mogleg å fortsette vidare opp til fots. Deretter følgjer ein returstien tilbake til Basecamp.
Kor vanskeleg er denne turen?
Sjølve ruta er gradert til C/D, og byr på horisontal og vertikale parti, både ned og opp. Det er også overheng nokre plasser, som hever vanskelegheitsgrada. Ein bør vere forberedt på å kunne henge etter ein arm for å klippe karabinkrokane sine nokre plasser. Er du i tvil, book ein guida tur, der du får kyndig veiledning og sikring med tau om ønskelig/nødvendig.
Dette er turen for deg som er i form, har prøvd Via Ferrata ein gang før, vil utfordre høgdeskrekken og ha ein fin naturopplevelse med luftig eksponering over fjorden.
Bli Motivert
Frå kyst til klippe
For deg som er sporty og har lyst til å utforske en ny aktivitet, utfordre høgdeskrekken, dra på familie- eller vennetur. Våre dyktige guider tar hand om din og gruppas tryggleik, slik at du kan nyte aktiviteten, fokusere på deg sjølv, gjengen og naturopplevinga.
Det å klatre ein Via Ferrata i slike spektakulære omgivnadar, skaper dyptgående mestringskjensle og glede over den imponerende naturen. Turen starter med anmarsj frå fjæra, ca 45 min. Så følgjer ca 3 timer klatring, før returen på ca 1,5 time. Denne turen tar rundt 6 timar frå start til slutt.
fortell meir!
Det kan vere lurt å sjekke sikkerhetsreglane, praktisk informasjon og bli kjent med teamet vårt. Om du har andre spørsmål, vennligst kontakt oss.
Ofte stilte spørsmål
Hekseveggen er ei luftig og spanande via ferrata-oppleving på sjølve veggen av Hornelen, Europas høgaste sjøklippe. Her klatrar du opp den spektakulære fjellsida med havet under deg og rå utsikt mot kystlandskapet.
Ruta er gradert om lag C/D, noko som betyr moderat til krevjande via ferrata med enkelte bratte og eksponerte parti. Du bør vere i god fysisk form og komfortabel med høgder, men lang klatreerfaring er ikkje eit absolutt krav.
Turen passar for eventyrlystne som ønskjer ei utfordring og eit adrenalinkick. Du må vere trygg i høgda, god i fysisk form og ha god balanse, men du treng ikkje vere ein erfaren klatrar.
Turen eignar seg godt for spreke familiar, vennegjengar og par som ønskjer ei delt oppleving. Det finst også moglegheit for private grupper ved føresprøsel.
Nei, den guida turen på Hekseveggen går ikkje til toppen av Hornelen. Turen stoppar omtrent halvvegs opp fjellet. Likevel kjennest det høgt og luftig, og du får imponerande utsikt heile vegen.
All klatring på Hornelen Via Ferrata skal forhåndsbestilles, inkludert Hekseveggen turen.
Ja. Vektgrensa er mellom 40–120 kg inkludert sekk, og du må vere stor nok til å bruke sikkerheitsutstyret forsvarleg. Minimumsalderen er 14 år.
