Hengekøye

Ei natt i hengekøye over Nordfjorden, under Hornelen.

Overnattingstur

Nivå: Lett

Vekt: 40-120 kg (med sekk)

Alder: 12 år gammel

Gruppe: 2–6 personer

Hengekøye – svevande overnatting under Hornelen

Hornelen Via Ferrata tek deg med på ein overnattingstur du seint vil gløyme! Turen startar ved å gå langs fjæra til introveggen, der vi tek på oss Via Ferrata utstyret. Her blir det full innføring i Via Ferrata klatring, før vi klatrar opp introveggen og får testa tyngdekrafta. Turen forset vidare opp dei bratte trappene som til slutt endar ved gapahuken vår. Her fyrer vi opp bålet, og guiden lagar turmiddag og bålkos til fantastisk utsikt. Når det så går mot kveld, heng vi opp hengekøyene i gapahuken og drøymer oss vekk. 

Dagen etter blir det frukost i soloppgang, før vi rusler tilbake til basecamp og takkar for turen. Dette er ein fin tur for deg som ønskjer ein overnattingstur med det vesle ekstra, der naturoppleving og hygge står i fokus. Turen i seg sjølv tek rundt 2 timar ein veg, så det blir nok tid til skrøner rundt bålet og både en, to og tre koppar frukostkaffi. 

Sjølve klatredelen er gradert til B på Via Ferrata-skalaen, som er overkommeleg for dei fleste. Turstien går i kupert terreng, og er ikkje tilrettelagt noko meir enn ein vanleg norsk tursti. 

på turen

  • Inkludert: Via Ferrata sett, hjelm, sele, middag, frukost, hengekøye, liggeunderlag, guiding.
  • Trenger sjølv: Sko, hansker, passande bekledning (hansker kan kjøpast i butikken), sekk. Sovepose(kan leigast ved forespørsel). Toalettsaker.

Kvifor stå fast når du kan henge fritt?

Perfekt tur for sporty grupper og familier som vil ha ein litt annerledes overnattingstur. Våre dyktige guider tek hand om gruppas tryggleik og skaper god stemning, slik at du kan nyte aktiviteten og omgivnadane. 

Turen startar frå basecamp med rundt 60 min gange, før ein klatrar i 20 min, og fortsett opp trappene i 30 min til. Vel framme etablerer vi campen for kvelden, og lagar mat saman. Om morgonen pakkar vi ned etter frukost, før vi returnerer via returstien til basecamp. 

fortell meir!

Det kan vere lurt å sjekke sikkerhetsreglane, praktisk informasjon og bli kjent med teamet vårt. Om du har andre spørsmål, vennligst kontakt oss.

No kan du gi ei uforgløymeleg oppleving i gåve!

Trykk her for å sende årets heftigaste gåvekort til ein friskus som fortener det.

Bli Motivert

Vil du ha en privat opplevelse med din gruppe?

Har du overtalt ein heil bråte med folk til å bli med deg på eventyr opp Hornelen? Snakk med oss i dag, så organiserer vi gjerne din gruppetur.

Skroll til toppen