Europas høgste sjøklippe
Hornelen Via Ferrata er ei nystarta klatreløype opp Europas høgaste sjøklippe, lokalisert i Bremanger, Nordfjord. Via Ferrata kjem frå det italienske “jernveg”, grunna bruken av jerntrinn, bøyler og tak festa i fjellet. Dette har blitt gjort i Alpene over lang tid, først som transportruter over fjella, men i seinare tid også for morro.
Hornelen ruvar 860 meter over Skatestraumen, og er eit ikonisk fjell i Nordfjord og i norsk sammenheng generelt. Sogene fortel om Olav Tryggvason som klatra opp veggen rundt år 1000, og mange meiner difor at Hornelen er den første klatreruta i Noreg. Hornelen er også eit samlingspunkt for hekser og anna skrømt året rundt, men spesielt om sommeren rundt Jonsok. Blant dei lokale blir Hornelen også kalla Smalsarhorn, grunna det karakteristiske hornet når man ser fjellet i profil fra nord eller sør.

Tre nivå- noko for alle
Alle turer opp Hornelen Via Ferrata må gå med guide.
Vi har tre ruter; Ørnelia, Hekseveggen og Olavsrute. Ørnelia går første partiet av løypa, og for dei som vil utfordre høgdeskrekken litt eller prøver Via Ferrata for første gong. Det er nokon gangparti, men også rundt 80 meter klatring å bryne seg på. Gradert til B
Hekseveggen er partiet etter Ørnelia, og byr på luftig klatring, både vertikalt og horisontalt, samt overheng. Denne er for deg som har lyst på meir utfordring enn Ørnelia, med moderat vanskeligheitsgrad. Løypa ender i Smalsarhuken, der ein byrjar på returen etter at utsikt og lunsj er fortært. Om ein vart bitt av basillen her, må ein sjølvsagt tilbake for å prøve Olavsrute heilt til topps ein annan dag! Til informasjon så endar Hekseveggen ikkje på toppen av Hornelen. Hekseveggen er eit krav for å få lov til å klatre Olavsrute. Gradert til D.
Olavsrute skalerer heile fjellet, frå fjæra til fjellets topp. Dette er for dei som verkeleg vil kjenne på livet. Ein går direkte til Smalsarhuken, får ein tek til med sjølve toppstøtet etter ein kjapp rast. Her får ein prøvd å klatre opp loddrette parti, dingle med beina frå rasteplassane som heng i fjellveggen og til slutt erobre toppen til Europas høgste sjøklippe! 45 meter med overhengande klatring er noko av det som møter deg. Gradert til F. Returen frå toppen er lenger og tyngre enn returen frå Hekseveggen, men i flott natur.