olavsrute – Den komplette Via Ferrata-opplevelsen
Hornelen Via ferrata inviterer til eit guida heildags eventyr som går heilt til toppen av majestetiske Hornelen. Her kjenner du verkeleg på livet!
Vi følger stien opp til Smalsarhuken, før Olavsrute står for tur. Her drar det seg til oppover veggen, og den bli mer utfordrende og avansert. Det blir vertikale rasteplassar, loddrett spenning og en opplevelse med spektakulær utsikt attåt. Gled deg til eit adrenalin-rush!
Kor vanskeleg er denne turen?
- Ruta er gradert til F. Dette er ein av dei vanskeligaste Via Ferrata rutene i Noreg, og ein solid dag i fjellet.
- Du må ha klatra Hekseveggen saman med ein av guidane våre før du prøver deg på Olavsrute. Dette bør ha gått utan problem. Du må klatre Hekseveggen først, og det blir ikkje gjort nokon unntak.
Dette må du vita
Olavsrute er for deg som er i god form, har god kroppsstyrke og har erfaring med lange fjellturer. Her er det ikkje anbefalt med høgdeskrekk, då det er lange, ekstremt luftige og bratte parti som krev at du held hovudet kaldt. På toppen er også det berykta diederet, med rundt 45m overhengande klatring.
Våre dyktige guider tar hand om din og gruppas tryggleik slik at du kan fokusere helt på eigen klatring og opplevelsen saman med gruppa. Bestigningen av en Via Ferrata i slike spektakulære, luftige omgivelser skaper dyptgående mestringsfølelse og gir garantert eit smil om munnen. Å klatre kanskje den mest havsalte Via Ferrataen i verda krevjer litt, men belønninga er stor! Været er også lunefullt på toppen, så ein bør ha impregnert både bekledning og humøret.
Etter at Hornelen er erobra, og du har nytt utsikt og godt selskap, går du ned merka DNT-tursti i storslått vestlandsk kystlandskap. Terrenget er litt krevende nokon stader, men hadde det vore enkelt, hadde jo alle gjort det.
Du må klatre Hekseveggen først, og det blir ikkje gjort nokon unntak.
Om ein har booka Olavsrute, og guidens vurdering er at det ikkje er forsvarleg, vil ein bli tilbudt å klatre Hekseveggen istadenfor. Ein får ikkje refundert prisdifferansen.
fortell meir!
Det kan vere lurt å sjekke sikkerheitsreglane, praktisk informasjon og bli kjent med teamet vårt. Om du har andre spørsmål, vennligst kontakt oss.
Bli motivert
Ofte stilte spørsmål
Olavsruta er ei heildags guida via ferrata-oppleving som tek deg heilt til toppen av Hornelen – Europas høgaste sjøklippe. Ruta er krevjande, luftig og spekka med spektakulære utsyn. Dette er eit eventyr for erfarne klatrarar som vil utfordre seg sjølve.
Olavsruta er gradert F, som er blant dei mest krevjande via ferrata-rutene i Noreg. Du må vere komfortabel med bratte, eksponerte parti og ha god fysisk form. Det er også krav om at du har gått den lettare via ferrata-ruta “Hekseveggen” på førehand.
Dessverre ikkje. For å delta på Olavsrute må du først ha gjennomført Hekseveggen saman med ein av guidane våre. Olavsrute er ei av dei mest krevjande via ferrata rutene i Noreg, og dette kravet er sett for å sikre at klatreferdigheitene dine er gode nok – både for di eiga tryggleik og for tryggleiken til guidane våre.
Vi kan ikkje gjere unntak, sjølv om du har klatreerfaring frå før. Tryggleik er alltid førsteprioritet.
For å bli med må du:
- vere over 18 år
- vege mellom 40 og 120 kg inkludert sekk
- vere i god fysisk form
- ikkje vere redd for høgder
- ha gått “Hekseveggen” først saman med ein av guidane våre
Frå toppen får du ei utsikt utan sidestykke – eit storslått panorama over kystlandskapet, fjordane og øyane. Mange opplever dette som ei av dei råaste naturopplevingane på Vestlandet.
Olavsruta inneheld bratte parti, eksponert klatring og tekniske passasjar – blant anna det kjente diederet med 45 meter overheng øvst i ruta. Dette er ei utfordrande oppleving der du må vere trygg i høgda og stole på egenskapane dine.
Heile turen tek vanlegvis 8–9 timar. Det inkluderer oppmøte, sikkerheitsgjennomgang, klatring, topptur og retur.
