Kven er vi
Hornelen Via Ferrata er eit selskap starta våren 2023, men frøet vart sådd lenge før. Ideen var til fleire år tidligare og sådd i lokalmiljøet, med ønske om å lage ein destinasjon rundt ikoniske Hornelen. No er dette endelig bli verkeleg, med hjelp frå lokale reiselivsaktører, investorar og kommunen. Vi meinar Nordfjorden er noko av det mest varierte og vakre Noreg har å by på, og Hornelen er unik også her. Vårt ønske er at aktiviteten skal bidra til eit levande lokalsamfunn som brukar den vakre naturen vi bur i.
Som lokale innbyggarar og nasjonal reiselivsaktør er vi opptekne av bærekraft, og då spesielt å ta vare på naturen og fjorden vår. Vi har anlagt løype og sti slik at den skal gjere minst mogleg skade på naturen, både fysisk og visuelt. Sporlaus ferdsel er viktig for oss, og alle gjester på våre turar skal praktisere dette for å beskytte denne unike opplevinga i generasjoner framover.
Klatresporten er i stadig vekst dei siste åra, og buldring er nermast blitt ein folkesport. Sjølv ser vi stadig fleire ta steget ut frå klatrehallen og opp i fjellveggen, men vi trur enda fleire har lyst! Via Ferrata er ein sikker måte å kjenne på adrenalinet, mestringa og den luftige følelsen som uteklatring gjev. Vi håpar og trur at ein tur opp Hornelen Via Ferrata vil bidra til at fleire blir bitt av klatrebasillen og åpner dører inn i det flotte klatremiljøet vi har i Noreg!
Vårt fantastiske team

Rogier van Oorschot
Grunnleggar, CEO og guide
Rogier er visjonæren og grunnleggaren bak Hornelen Via Ferrata, samt administrerende direktør og guide. Som drivkraft bak prosjektet over flere år, jobber han for å få flere besøkende til denne skjulte perla i Fjord Norge og til Nordfjord generelt.

Alice Souto
COO og guide
Alice er ein ekte verdsborgar. Ho er fødd i Brasil og oppdaga klatring for over ti år sidan. Fjellklatringa endra raskt måten ho lever, reiser og knytter band til naturen på. I 2018 byrja ho å arbeide som klatreinstruktør, der ho delte lidenskapen sin for fjella og hjalp andre med å byggje sjølvtillit utendørs. To år seinare flytta ho til Patagonia, der ho utvida erfaringa si ved å jobbe som guide på ein av dei mest ikoniske opplevingsdestinasjonane i verda. No er Alice i Noreg for å bli ein del av teamet hjå Hornelen Via Ferrata, der ho arbeider både som guide og med den daglege drifta av selskapet.

Våre guidar
Vårt team av profesjonelle og dyktige guidar som kjenner Hornelen ut og inn.

