Ørnelia

Ørnelia er den perfekte introduksjon til Via Ferrata, med variert klatring, litt eksponering og flott utsikt. Alt innanfor eit overkommeleg tidsrom.

Varighet: 3 timer

Nivå: Lett

Vekt: 40-120 kg (med sekk)

Alder: 12 år gammel

Gruppe: 2–6 personer

Ørnelia – Ein introduksjon til Via Ferrata

Ørnelia er den kortaste turen vår, og er ein slags introvegg med rundt 80m vaier. Ein får testa og kjent på korleis utstyret funkar, prøvd tak og utfordra tyngdekrafta. Her kosar ein seg med fin klatring og natur, før ein tar returstien tilbake. Turen er for deg som prøver Via Ferrata for første gong, og vil teste formen og høgdeskrekken før vidare eventyr lenger opp på Hornelen. Om ein booker Hekseveggen, vil ein også klatre Ørnelia først.

Etter endt tur følgjer ein returstien tilbake til Basecamp Hornelen. Stien er eit eventyr i seg sjølv, og følger ei bratt hjorterås ned to fjorden igjen. Denne turen tar rundt 3 timar frå start til slutt. Eit perfekt tidsrom for å lette litt på liket på veg til eller fra Bremanger!

på turen

  • Inkludert: Via Ferrata sett, hjelm, sele. Guiding.
  • Trenger sjølv: Sko, hansker, passande bekledning (hansker kan kjøpast i butikken), dagstursekk. Nok mat og drikke.

kortreist glede

Introveggen vår Ørnelia byr på mangen av aspekta som dei andre rutene våre også har, berre enklare. Ein har vertikal og horisontal klatring, planka sti, rasteplass og flott utsikt. Aldersgrensa her er også lågare, då vi meinar dette er ein fin aktivitet også for born ned til 12 år. Ein skal tidleg krøkast om ein viking skal bli!

Ein brukar ca 45min på anmarsjen, før ein klatrar i 30 minutt og returen tilbake tar ca 45 min. For den oppmerksomme lesar, ser ein at det er meir gange enn klatring, og dette er korrekt. Dette er altså meir ein fjelltur, men eit innslag av Via Ferrata.

fortell meir!

Det kan vere lurt å sjekke sikkerhetsreglane, praktisk informasjon og bli kjent med teamet vårt. Om du har andre spørsmål, vennligst kontakt oss.

No kan du gi ei uforgløymeleg oppleving i gåve!

Trykk her for å sende årets heftigaste gåvekort til ein friskus som fortener det.

Bli Motivert

Vil du ha en privat opplevelse med din gruppe?

Har du overtalt ein heil bråte med folk til å bli med deg på eventyr opp Hornelen? Snakk med oss i dag, så organiserer vi gjerne din gruppetur.

Skroll til toppen