Korleis finne Hornelen
Alle turar startar ved Basecamp.
Basecamp Hornelen Via Ferrata
Hornskorvegen 22
6719 Skatestraumen
Få vegvising på Google Maps
Korleis finn ein fram
Frå Vest
Om ein kjem frå vest, frå for eksempel Kalvåg eller Oldeide på veg inn fjorden, følgjer ein Fylkesveg 616 retning Rugsund og Svelgen. Ein tar til venstre i siste avgjørsel før Skatestraumstunnelen, til Hunskår og “Hornelen”-vandreskiltet. Her følger ein vegen rett fram til ein endar opp på parkeringsplassen ved Basecamp Hornelen.
Frå Aust
Om du er på veg mot vest og havgapet frå inn i fjorden, følgjer du også fylkesveg 616 mot Bremanger, Oldeide, Kalvåg og Måløy. Rett etter Skatestraumtunnelen, tek ein første avkøyrsle til høgre, mot Hunskår og “Hornelen”-vandreskiltet. Pass på, avkøyrsla kjem litt brått på etter tunellen, så her må ein holde på kaffikoppen! Her følger ein vegan rett fram til ein vegen rett fram til ein endar opp på parkeringsplassen ved Basecamp Hornelen.
Lenger vekke
Frå Bergen er ekspressbåten frå Strandkaiterminalen det beste alternativet, til Smørhamn, Leirgulen eller Måløy. Det er også bussforbindingar til nærområdet.
Frå Oslobygda er Nordfjordekspressen til Nordfjordeid eller Måløy gode alternativ. Ein kan også fly til Anda Lufthavn eller Florø Lufthavn. Alternative transportmetoder er sjøfly, varmluftsballong, seglskute, haiking eller på hesteryggen. Vi gjev eigentleg beng i korleis du kjem deg hit, sålenge du kjem
Ei påminning om vêret
Forholda i fjella kan vere uforutsigbare og endre seg raskt. Temperaturen kan vere misvisande sidan vinden spelar ei viktig rolle. Tenk også på effektane av sol, regn og snøforhold. Når vi klatrer Via Ferrata, beveger vi oss vanligvis langsommere enn når vi går på tur, det er derfor ei større utfordring å holde seg varm på kalde og våte dagar – spesielt på hendene. Kvar persons oppleving er forskjellig, så sørg for å ta med klede i henhold til dine personlege behov.
Ein generell tommelfingerregel er: sjekk vermeldinga, forbered deg på dei verste forholda, men ikkje overfyll ryggsekken din, vekt betyr mykje når det gjeld å spare energi. Bruk «løk-metoden»: lag på lag som enkelt kan takast av og på.
Vi avlyser ikkje turar på grunn av dårlig ver. Dei einaste gongane vi avlyser er når dårlig ver blir farlig ver. På Hornelen Via Ferrata kan dette vere kraftig vind, tordenver eller isete forhold. Vi vil informere deg ved avlysning. Vennligst les våre vilkår og betingelser for mer informasjon.

Riktige tursko
Terrenget du vil gå og klatre i inkluderer stein-ur, glatte steiner, våt mark, elvekryssing og bratte lier. Du vil ha ein solid, vanntett støvel som gir god fot- og ankelstabilitet.
Vi anbefaler tursko med middels eller høy ankel, minimum kategori B, med relativt stiv såle (se eksempler på passende sko over). Test skoa og gå dei inn før du begjev deg ut på eit stort eventyr som dette!
Det er også tillatt å bruke lavankel tursko.
Ikkje joggesko, flip-flops, sandaler eller sko uten sålegrep!
korleis pakke til eventyret ditt
Klar for eventyr? Her er kva du bør ha med deg:
- Liten ryggsekk, 25-30 liter
- Stor matpakke, energibarer og nok vatn (minst 1,5 liter for ein dag på tur)
- Turbukse og skalljakke, isolasjonsjakke til pauser. Andre kle avhengig av værforholdene
- Hue/buff
- Hansker (du kan bruke skinnhansker med eller uten fingre eller gummihansker. Desse kan kjøpes på Basecamp Hunskår. Sørg for at hanskane sit godt!)
- Tursko: stabile, stive, helst med Vibram-såle
- Solbriller/solkrem, avhengig av veret
Sørg også for å ha nok plass i ryggsekken til Via Ferrata-utstyret.
Om regn og låge temperaturer er varsla, vennligst også ta med:
- Ullundertøy (ikkje bruk bomull)
- Ekstra sokkar
- Varm mellomlagsjakke
- Vanntette bukser
Valgfritt:
- Sammenleggbare vandrestaver
- Kamera (må ha stropp!)
husly og klatrefõr
Her er eit utvalg av overnattingsmoglegheiter, restauranter, vannhull og andre aktivitetstilbod i Bremanger:
- Davik Fjordparadis: Camping, restaurant, pub, rom og gjestehavn
- Knutholmen: Hotell, restaurant, gjestehavn
- Hornelen Panorama: Eksklusiv overnatting, badstue og spa
- Bremanger Fjordhotell: Hotell og restaurant
- Bremangerland: Bed & Breakfast, restaurant, pub, pod-hotell, rorbuer
- Smørhamn Handelsstad: Overnatting
- Iglandsvik Marina: Camping og gjestehavn
- Rugsund Handelsstad: Overnatting og gjestehavn
Butikkar
- Nærbutikken Davik
- Nærbutikken Ålfoten
- Leirgulen Handel
- Coop Prix Svelgen
- Spar Bremanger
- Joker Bremanger
- Spar Kalvåg
Andre aktivitetar
- Norway Adventures: Kajakk, sykling og fjellguiding
- Hjortegarden: Hjortefarm, lokal mat og perfekt for større grupper

