sikkerheitsreglar
For å kunne sikre din tryggleik under heile opplevinga di hos oss, har vi brukt mykje tid på å utarbeide sikkerheitsreglar, samt rutiner og kurs. Reglane under er til for at du skal nyte turen, og utfordre deg innanfor trygge rammer. Du får sjølvsagt kyndig instruksjon der alt blir nøye forklart før du startar på turen, men vi anbefaler deg å lese igjennom, slik at du er godt forberedt.
Før du blir med på Hornelen Via Ferrata sine guida turar, er det ditt ansvar å gjera deg kjend med ferdigheitene/kondisjonsnivået som er nødvendig for å delta. Vidare er det ditt ansvar å kommunisere eventuelle medisinske forhold (til dømes (tidlegare) skadar, allergiar, medisinar, EpiPen, graviditet, rus etc.) til Hornelen Via Ferrata AS før du blir med på turen. Viss du ikkje gjer dette, kan du ikkje halde Hornelen Via Ferrata ansvarleg viss noko skjer med deg under turen, og Hornelen Via Ferrata kan halda deg ansvarleg dersom dette resulterer i skade på andre.
Det er ikkje tillate å bruka anna utstyr enn utstyr som er godkjent for bruk på ein Via Ferrata. Hornelen Via Ferrata AS leiger ut godkjent utstyr beståande av sele, Via Ferrata-slynger og hjelm. Via Ferrata-slyngene inkluderer to karabin-armar og ein støytdempar. I tillegg tilrår me tynne hanskar med godt grep og gode fjellstøvlar med stiv sole og godt grep. Ta med passande klede etter vêrforholda, nok å drikka og ein stor matpakke. Drikkevatn er ikkje tilgjengeleg undervegs.
Via Ferrataen er designa for å leggja til rette for trygg klatring. Grunna at ståltråden og ankerpunkta ikkje er dynamiske, er bruk av Via Ferrata-slynger ein føresetnad for tryggleik. I tillegg må du ha kunnskap om korleis du bruker dette rett, ellers kan trygg klatring ikkje garanterast. Sjølv om Via Ferrata-slynger vil dempe fallet, bør fall unngåast. Fell du, er det også fare for at du fell på stein eller utstyr som vaier, jernsteg osv. Eit fall kan dermed føra til alvorlege skadar. Tryggingsutstyret vil dermed ikkje alltid kunne forhindre skadar ved fall. Bruk kvilekarabinen når du byrjar å bli sliten og/eller be guiden din om å gi ekstra assistanse med tau.
Det er ikkje tillaten å vandre bort frå den merka traséen, som er rydda for lause steinar. Å forlata den merka stien utan stålvaier kan setja liv i fare. Via Ferrata-slyngene skal alltid være festa til klatreselen og vaieren. Ved klatring skal dei to karabinkrokane vende bort frå kvarandre og låsast i vaieren. Når du kjem til ein ny vaierseksjon, må karabinkrokane flyttast forbi punktet. Dette blir gjort ved å flytta éin karabin om gongen slik at minst éin karabin alltid er festa til vaieren. Det er lett å gløyma å flytta karabinkrokane forbi forankringa når du klatrar. Dette kan føra til farlege situasjonar fordi du kan falle heilt tilbake til forrige forankring. Ein måte å forhindre dette på er å flytta karabinkrokane framfor handa di slik at du ikkje gløymer det når du kjem til ankringa.
Ved eit fall vil personen framfor deg falle til siste forankring på stålvaieren, pluss lengda på støytdemparen til via ferrata-settet som då blir frigjort. Det betyr at det er mogleg å falle to meter eller meir forbi den første ankringa. Viss du er under denne personen og ikkje held tilstrekkeleg avstand, kan personen falle på deg. Det er derfor viktig å halda nok avstand. Dette betyr berre éin person per vaierseksjon! Det er også ditt ansvar å sørgja for at personen bak held nok avstand. Dette er spesielt viktig i seksjonar der fallrisikoen er større grunna auka vanskeligheitsgrad. Du må også halda god avstand til neste ankerpunkt inntil personen framfor (over) deg har gått vidare til neste vaierseksjon. Det er strengt forbode å passera personen framfor deg. På ruta vil det vere kvilepunkt med benker. Under benken er det ein stålvaier som du skal vere festa til på kvilepunktet. På benker og seksjonar med liggjande gangvegar er det tillate for fleire å festa seg til same seksjon av vaieren. Deltakarane har også lov til å byta plass på desse strekningane. Dette blir gjort ved at deltakarar koplar seg forbi kvarandre. Minst ein karabinkrok skal til ein kvar tid festast til stålvaieren.
Pass på at du har dei rette kleda for vêrforholda og ta omsyn til at du kan sitja fast på fjellet viss vêret blir skikkeleg dårleg. Hugs også at Via Ferrataen og fjellet rundt blir glatt når det regnar. Turane tilbake kan også bli veldig glatte og gjørmete, noko som gjer det å finne riktig veg komplisert. Ver varsam i avgjerdsprosessen viss det er fare for lyn og tore. Via Ferrataen må aldri brukast i tore og lyn fordi ståltråden og jerntrinna tiltrekkjer seg lyn og kan bera straum. Viss det byrjar å torna undervegs, må du så snart som mogleg finne eit punkt for å gå av og vekk frå Via Ferrataen.
Det viktigaste er at du er trygg og ikkje fell. Viss du kjenner deg tryggare når du held i vaieren, så gjer det. Hald auge med kvarandre og sørg for at alle bruker utstyret rett og at dei til kvar tid er festa til vaieren. Ikkje nøl med å spørja guiden din og andre om hjelp. Betre ein kameratsjekk for mykje enn for lite!
Pass på at du ikkje løyser stein eller mistar utstyr. Viss du løyser ein stein eller mistar noko, må du rope høgt «ROCK» som ei åtvaring. Viss nokon roper «ROCK», kom så nær fjellsida du kan og ikkje sjå opp (det er mykje betre viss steinen treffer hjelmen din og ikkje ansiktet ditt). Lause gjenstandar som drikkeflasker og mobiltelefonar kan skada personar under deg på same måte som lause steinar. Du må derfor ha slikt utstyr i sekken eller godt festet til selen, og bruke det med omhu under sjølve turen.
Vis omsyn til naturen og ta alltid med deg alt avfall tilbake. Ikkje etterlat deg spor i naturen, som kan skade økosystemet eller forringe opplevinga for andre i framtida.
Utstyret skal vera i orden og i eitt stykke når du leverer det tilbake etter bruk. Du må betale erstatning for tap eller skada på utstyr utover normal slitasje. Du må også vere innanfor høgde og vekt-måla som er spesifisert i bookingdetaljane. Dette er på grunn av spesifikasjonane til utstyret vi brukar.