Vandring – Ein annerledes dagstur
Hornelen Via Ferrata vil ta deg med på tur opp anlegget vårt, utan at det treng å bli så altfor luftig. Turen startar ved å gå langs fjæra til starten av introveggen vår. Her tek vi på oss utstyret, og får full innføring, både i utstyret og i Via Ferrata klatring.
Etter at introveggen er forsert, og ein har fått testa tyngdekrafta litt, forset vi opp dei bratte trappen til gapahuken vår. Her fyrer guiden opp bålet, og lagar turlunch, samt kaffi og te. Deretter går vi same veg tilbake til basecamp, og kan sjå tilbake på ein fin dag ute under mektige Hornelen.
Dette er turen for deg som vil ha ein litt lengre tur med innslag av Via Ferrata, samt få servert lunch med fantastisk utsikt. Turen tek omlag 5 timar frå start til slutt.
Kor vanskeleg er denne turen?
Sjølve klatredelen er gradert til B på Via Ferrata-skalaen, som er overkommeleg for dei fleste. Vandredelen av denne turen går på en klassisk norsk tursti, med ujamne steinparti, lause steinar, og sporadiske våte eller gjørmete parti. Du treng ikkje tekniske ferdigheiter, men du skal føle deg komfortabel med å gå tur i ujamt terreng med røter, og små og store steinar.
på turen
Litt av alt
Perfekt tur for sporty familier som vil ha ein litt annerledes tur. Våre dyktige guider tek hand om gruppas tryggleik og skaper god stemning, slik at du kan nyte aktiviteten og omgivnadane.
Turen startar frå basecamp med rundt 60 min gange, før ein klatrar i 20 min, og fortsett opp trappene i 30 min til. Der tek vi oss god tid til lunchen, før vi returnerer via returstien til Basecamp.
fortell meir!
Det kan vere lurt å sjekke sikkerhetsreglane, praktisk informasjon og bli kjent med teamet vårt. Om du har andre spørsmål, vennligst kontakt oss.
No kan du gi ei uforgløymeleg oppleving i gåve!
Trykk her for å sende årets heftigaste gåvekort til ein friskus som fortener det.