vedlikeholdsavgift – for den erfarne klatrar
Vil du klatre Hornelen Via Ferrata utan guide? Set deg inn i det først!
Korleis klatrar ein utan guide?
Alle som skal klatre i anlegget vårt må:
- Booke tidspunkt og betale ei vedlikeholdsavgift. Denne går til vedlikeholdet av anlegget.
- Kjenn til risikoen ved å klatra utan guide. All klatring utan guide skjer på eige ansvar.
Dette må du vita
- I høgsesongen juni-august, må alle som klatrar utan guide, starte etter kl 11:30. Dette er for å unngå kø og «kork» i løypene.
- I skuldersesongen mai, september og oktober, kan ein velge tidspunkt sjølv.
- Avgifta gjeld for ein dag, og ein står fritt til å nytte alle løypene.
- Ein må vere minst 18 år for å klatre åleine utan guide, 14 år ifølge med vaksen.
- Vi anbefalar kun erfarne klatrarar å klatre utan guide. Hekseveggen ogOlavsrute er utfordrande ruter, med krevande redningsforhold om uhellet skulle vere ute. Om ein er usikker, book ein guida tur.
Rutebeskrivelse: Stien er dårleg merka, og ein bør kunne orientere seg godt i utmark om ein går utan guide. Begynn på den vanlege turstien opp Hornelen. 10-15 meter opp sherpa-trappene, går det ein sti ut til venstre. Følg denne i 50min. Ved tvil, hold venstre. Følg fjellhammaren til du møter Ørnelia, her starter løypa.
På toppen av Ørnelia, går det ein sti rett opp og så mot venstre, ca 100m. Der møter ein Hekseveggen. Fortsett til venstre for trappene om du skal klatre Hekseveggen, ta trappene opp om du skal klatre Olavsrute. Stien frå Hekseveggen til gapahuken er merka med raude merke på trea. Gapahuken ligg opp til venstre for den andre trappa du har gått, om du kjem nedanifrå. Olavsrute startar 100m over Gapahuken, kabelen er godt synleg nedanifrå.
Bli Motivert
fortell meir!
Det kan vere lurt å sjekke sikkerhetsreglane, praktisk informasjon og bli kjent med teamet vårt. Om du har andre spørsmål, vennligst kontakt oss.
