Ekspedisjon

Varighet: 24 timer

Nivå: Krevande

Vekt: 40-120 kg (med sekk)

Alder: 18+ år gammel

Gruppe: 2–4 personer

Ekspedisjon – Den komplette opplevinga

Vil du ha den fulle Via-Ferrata opplevinga i ein tur? Her er den. Klatre våre meir utfordrande ruter fordelt på to dagar, sov i ei hengekøye under fjellet og nyt utsikta ved bålet.

På turens første dag klatrar du Hekseveggen og får ein god smakebit på kva ein har i vente… Du vil også bli godt kjent med utstyret før du utfordrar deg sjølv på Olavsruta på dag to. 

Slå leir for natta når du har nådd gapahuken omtrent halvvegs opp i fjellet. Det er på tide med ein natt i hengekøya med utsikt over fjorden og Hornelen. Lag eit godt måltid med reisefølget og guiden. Du har god tid til lettsindige eller djupe samtaler før du går til sengs. 

Vi håpar du sov godt! Ved soloppgang pakker du ned igjen og gjer deg klar til å klatre Olavsruta, heilt til toppen av fjellet. Her klatrar ein i vikingkongen Olav Tryggvassons rute, vertikalt og med overheng. Cruxet kjem heilt på slutten, så spar på kreftene til det verkeleg gjeld. Her blir det 40 meter med overhengande klatring; visst du har pakka for mykje til overnattingsturen, kjem dette til å koste krefter. 

Nyt den velfortente utsikta på toppen av Hornelen. Men husk at ekspedisjonen din ikkje er ferdig enno! Turstien ned at venter på deg.

på turen

  • Inkludert: Via Ferrata sett, hjelm, sele, guiding, middag, kaffe/te, frokost og hengekøye.
  • Trenger sjølv: Sko, hansker, passande bekledning (hansker kan kjøpast i butikken), sekk, sovepose (kan leigast ved forespørsel), 2x lunsj og toalettsaker.

Ei pause frå omverda

Denne ekspedisjonen varer rundt 24 timar og er utfordrande, men desto meir givande. Klatreseksjonenen er gradert C/D (Hekseveggen) og F (Olavsruta), noko som betyr at du må være i god fysisk form og ha klatreerfaring frå før. 

Vil du klatre Hekseveggen og Olavsruta pakka inn i ei oppleving? Da er dette turen for deg. Du treng ikkje å bekymre deg for overnatting eller middag, sidan alt er tatt hand om. Det einaste du treng å gjere er å nyte det!

Normalt er Hekseveggen og Olavsruta to separate turar og kan ikkje gjennomførast same dag, men krev at du kjem tilbake ein anna dag. Men med Ekspedisjon får du heile opplevinga på berre to dagar. Inkludert ei spesiell natt i hengekøye i friluft… 

Turen startar frå basecamp kor du kor du vil klatre Hekseveggen på ca. 4 timar. Deretter slår vi leir i Smalsarhuken, vår gapahuk, kor du lagar middag og overnattar. Neste morgon, klatrar du Olavsruta på ca. 5 timar før du bruker 3 timar på fotturen tilbake til Basecamp


fortell meir!

Det kan vere lurt å sjekke sikkerhetsreglane, praktisk informasjon og bli kjent med teamet vårt. Om du har andre spørsmål, vennligst kontakt oss.

Bli Motivert

Vil du ha en privat opplevelse med din gruppe?

Har du overtalt ein heil bråte med folk til å bli med deg på eventyr opp Hornelen? Snakk med oss i dag, så organiserer vi gjerne din gruppetur.

Skroll til toppen