Hekseveggen Light

Den perfekte nybegynner Via Ferrata turen for alle som treff midt i blinken: akkurat passe utfordrande.

Varigheit: 4 timar

Nivå: Enkel

Vekt: 40-120 kg (med sekk)

Alder: 12 år

Gruppe: 2–5 personer

Via Ferrata turen for alle

Ikkje sikker på kva slags tur du skal velge? Hekseveggen Light er turen for deg! La oss ta deg med på den perfekte nybegynner Via Ferrata turen for alle som vil ha den komplette opplevelsen, utan for mykje utfordring.

Turen startar med ein gåtur langs fjorden til starten av introveggen vår, Ørnelia. Her tar du på deg klatreutstyret og for utfyllande instruksjon fra guiden. Denne ruta er ideell for å bli kjent med utstyret og Via Ferrata klatring.

Turen returnerer der den vertikale delen av Hekseveggen startar. Du klatrar då opp delane du klatra ned, ei heilt ny oppleving.

Du går tilbake til basecamp same veg, mens du har ei mestringskjensle etter ein aktiv dag ute under mektige Hornelen.

Denne turen har ingen vertikale veggar eller overhengande klatring, som gjer den ideell for friluftsfolk utan klatre-erfaring, men som vil ha ein litt lenger tur med Via Ferrata elementer, på berre 4 timar.

Sjølve klatredelen er gradert til B på Via Ferrata skalaen, som er overkommeleg for aktive folk. Sjølve turen går i kupert terreng, og stien er ikkje utbetra meir enn ein vanleg norsk tursti.

På tur

  • Inkludert: Via Ferrata set, hjelm, sele og guide
  • Ta med sjølv: Sko, hanskar(hanskar kan kjøpast i butikken vår), passande bekledning, dagstursekk, nok mat og drikke.

Utandørsaktivitet for alle

Denne guida turen er perfekt for sporty venner og familier som ser etter ein unik fjelltur, og som også vil klatre ein Via Ferrata som ikkje er for vanskelig, men fortsatt veldig moro.

Våre flinke guidar tar vare på tryggleiken din, slik at du kan nyte aktiviteten og utsikta.

Turen startar på basecamp med rundt 60 minutt gange, før det blir 2 timar med klatring, før ein returnerer same veg.

Fortel meir!

Det kan vere smart å sjekke tryggleiksreglane, praktisk informasjon og å bli kjent med teamet. Om du har andre spørsmål, kontakt oss.

Bli motivert

Vil du ha ei privat oppleving med gruppa di?

Har du overtalt gjengen til å bli med deg på eit eventyr opp Hornelen? Ta kontakt med oss idag, vi organiserer gruppeturen din med glede!

Skroll til toppen